top of page
IMG_1770.jpg

HÅNDBALL

Tjongsfjord damehandball starta våren 2016. Med splitter ny hall, ballar og klister i sekken starta me opp med friskt mot. Då det ikkje har vore eigna hall i kommunen tidlegare er det mange som aldri har spela handball før, men alle er like mykje velkomne. Nedre aldersgrense er 9./ 10. klasse, men me har inga øvre aldersgrense.

 

Målet vårt er ikkje å konkurrere i toppen, men å heile tida utvikle oss. – Både som enkeltspelarar og som lag. Saman blir me heile tida litt betre og teambuilding er ein viktig del av treninga. Me prøvar også å ha noko teambuilding utanfor hallen.  Me er eit mosjonslag med ein trening i veka. I 2018, 2019 og 2020 har me også delteke på BIB-cup i Bodø. Det er heilt frivillig om ein ønskjer å vere med på cup.

 

Dersom du har ein liten handballspire i magen er du velkommen til å møte oss på tysdagar i Rødøyhallen, bli gjerne med i den lukka Facebookgruppa «Tjongsfjord damehåndball» kor me melder oss på til trening for å kunne ha eit tilpassa opplegg kvar gong. Her ligg det også oppdatert informasjon om oppstart og treningstider.

 

Dersom du ikkje er på Facebook eller har andre spørsmål kan du ta kontakt med Guro på telefon 91350723. 

HÅNDBALL-STYRET

137513942_695182454498084_21097549202307

GURO TJØRHOM MYRVANG

Håndball Leder

VEronica.jpg

VERONICA ABELSEN

Medlem

SANDRa.jpg

SANDRA SELJEVOLL VÅTVIK

Medlem

bottom of page